Voss fjellheisar
Utsjånad
Voss Resort Fjellheisar er eit skisenter som ligg i Bavallen i Voss i Vestland. Skisenteret ligg om lag 5 km frå Voss sentrum, og litt over 1 times køyring frå Bergen.
Voss Resort Fjellheisar har 10 skitrekk, 3 stolheisar og 23 nedfartar.[treng kjelde] Den lengste nedfarten er på 5200 meter.[1] Her er òg to snowboardpark og tre barneområde.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Det fyrste skitrekket i Bavallen vart sett opp i 1947. Då heitte eigarskapen L/L Voss Skitrekk, men vart teken over og drifta av Voss Ski- og Fjellheisar i 1963. Den fyrste stolheisen vart opna i Bavallen i 1973.
Desember 1999 tok Norlandia over Voss Fjekkheisar AS, som dermed vart ein del av Voss Resort-konsernet i 2007.[2] Selskapet er eigd av Voss Resort AS.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Voss Resort Fjellheisar AS». Alpinanleggenes Landsforening. Henta 19. januar 2014.
- ↑ «Om Voss Resort». Voss Resort AS. Henta 19. januar 2014.